fredag 30. mai 2008

Fri

No sitt eg ute i det fine været, eller varme været for å vera heilt nyaktig. Drikk på iste, veldig godt faktisk. Hatt fri i dag. Gyddah. Så no har eg nett skreve evaluering av turen til Serbia. Eg er litt treig av meg, men no har eg i alle fall fått gjort det, så. Savne Serbia! Og ikkje minst folkene der nede.

Hadde eksamen i går. Eg overlevde i alle fall, og det er jo noke. Godt å vera ferdig i alle fall. Håpe berre eg slippe muntlig! Men det er visst veldig liten sjanse for at me som hadde skriftelig komme opp i muntlig, så då er det jo snart sommerferie då. Får berre håpe at dei andre i klassen slipp å komme opp i noke og, eller..? :p

Har tre fuckings prøva neste veke! Det blir fælt, mildt sagt! Men, eg pleie å overleve, så..

Eg har ikkje noke meir å sei nett no, så.. Have fun! ; )

onsdag 28. mai 2008

Onsdag, med masse jobbing

Eg er trøtt. Ok, greitt, eg veit at eg er trøtt veldig ofte, men no er eg skikkelig trøtt og ikkje minst SLITEN. Har eigentleg jobba bra i dag, sjøl om eg føle at eg kunne gjort litt meir. Har hatt førebuing til eksamen som me skal ha i morgo. Mykje stoff me sku finna, eller me måtte ikkje finna om alt då, men det var mykje stoff som me kunne finna. Blitt ein del stirring på dataskjermen i dag for å sei det sånn. Blei trøtt i augene på slutten. Såg veldig mørkt på dagen i morgo når skulen var slutt i dag, men no har det heldigvis komt seg. Eg har funne litt meir stoff, så no satse eg på at eg det kan gå sånn nokon lunde i alle fall. Glede meg veldig til å bli ferdig med det i alle fall. Åsså har me jo fri på fredag! :D Så det er helg når eg er ferdig med eksamen. DET er deilig. (Prøve å tenke litt positivt her liksom.) Åsså er det jo fint vær og, så kan jo håpe at det held seg ei stund framover.

Neste veke blir litt hard då... Lytteprøve på onsdag, franskprøve på torsdag (all grammatikken me har hatt i år :O) åsså heildagsprøve i matte på fredag. Blæ! Eg slitt litt for å sei det sånn. Er ikkje motivert til å øva til noken prøva no. Det eg er motivert til er sommerferie. Merke eg er ganske trøtt no og veldig klar for ferie.

Aah, no glede eg meg skikkelig til One Tree Hill, og så er eigentlig planen å legge seg ganske tidlig i dag, men me får no sjå om eg får det til då. :p

måndag 26. mai 2008

Mandag

Det er sol ute og eg vil no seie at eg er i ganske godt humør eigentlig. : ) Men trøtt då, som vanlig. Kjenne at eg er veldig klar for ferie no. Det skal bli herlig!
Veit eigentlig ikkje heilt ka meir eg skal skrive her, så.. :p Hadde ei kjempekos helg då, det må eg berre sei! :D Ei av dei bedre, på lenge! ;D
Så er det berre å sjekka ut Synne K. sin blogg, for noken artige kommentara i frå dagen i dag. :p

torsdag 22. mai 2008

Torsdag

Gjett kem som kom opp i engelsk skriftelig då? Ja, nettopp, eg... Åsså Synnøve og Kim frå klassen og. Men men, satse på at me overleve. Er ei veke til me skal opp, så, er ein liten stund til.
Ellers er eg trøytt som vanlig og ikkje motivert for 8 tima matte i morgo...
Så må eg berre sei at føle virkelig med Synne! <3

måndag 19. mai 2008

19. mai

Så var det kveld igjen og eg tenkte at eg sku prøve å skriva litt her. Har hatt ein ganske grei dag eigentlig. Vanlig skule, men fekk tidlig fri frå dansingen, så eg, Synne A og Ruben låg ein stund på tjukkasen og chilla. Så kom Adrian bort, og me spelte litt fotball. Eg må berre sei at eg og Synne var eksepsjonelt gode! Så stakk me ned på Vangen og kjøpte mat. Deretter blei det chilling, men Ruben øvd på piano då åsså satt eg og Synne å høyrte på. Så gjekk Ruben, Adrian og eg for å ta toget. Når eg gjekk av toget sku eg vente på Christine og dei, for eg sku heim til ho. Mens eg venta fekk eg lest litt til naturfagprøve, så det var jo greitt. Så reiste eg heime til Christine. Det var kos. Har ikkje vært med ho på ein stund no. Me har alltid ein masse å snakka om. Så alt i alt har det eigentlig vært ein kjekk dag. : )

søndag 18. mai 2008

18. mai

Eg la meg tidlig i går, litt... Det betyr ikkje at eg ikkje trøtt endå, for det må eg nok sei at eg er, men det går bra. Som vanlig.
Har faktisk gjort litt vetige ting i dag :O Rydda litt på rommet, sett litt på noke musikklekse, øvd litt på piano, ja. No sitt eg berre øte og sløve. Sole er her sånn delvis, men det har komt noken skya på himmelen. Unødvendig. Vil ha heilt blå himmel og masse sol! Det lukte godt ute, masse blomstra her. Lika da, snart sommar no. Det er kjekt! Då blir det bading og chilling og isspising og ja, masse kjekt! :D
No burde eg skreve litt på noke greie i naturfag, men motivasjonen min er ikkje akkurat på topp. Kjenne eg er klar for ferie no asså. Klare ikkje å prioritera skulearbeidet som masse som eg burde på denne tide; siste innspurt og alt, men eg er berre heilt klar for ferie no... Huff... No må eg skjerpe meg litt her! Blææ..

laurdag 17. mai 2008

17. mai

Så var det 17. mai, eller dagen er jo nesten slutt, men. Vore ein koselig dag. Har vore på Vangen og vært med noken folk også såg me på tog og chilla og prata. Var og ein tur ned på Bulken skule, men det var berre ei lita stund før eg reiste heim. Var sjukt trøytt når eg kom heim, så det er deilig å berre ta det med ro utover kvelden. Plana om å legga meg tidlig, men det kan eg ikkje love at skjer. Veldig dårlig til det nemlig...
Men kjempekos å gå med bunad i dag! Det er så gudd! : D

fredag 16. mai 2008

16. mai, seinare kveld

No er eg ganske så trøtt, eigentlig. Skal bli godt å legge seg no snart. Kvelden har vore ganske avslappande, funka det for så vidt. Eigentlig ganske gydd. Spelt ein masse biljard på internett mot Ruben. Jadå, han vant sånn heila tide. Han var supermasse bedre enn meg, meir er det ikkje å sei om den saken. Men det var litt kjekt for det om då :D Han lo ikkje såå masse av meg då, heldigvis. :p

Eller hoste eg litt meir igjen no, men det er nok fordi det er kveld. Blir av og til litt dårligare på kvelden. Trenge å kvila meg litt tenkje eg.

Åsså vant Brann 1-0!

Og det er 17. mai i morgo, : )

16. mai, kveld

Johanne blei irritert på meg fordi eg ikkje høyrde etter når ho snakka. Må berre unnskylda. Var litt for opptatt med å snakka med Ruben på msn. :p

Imsdal - Fruktvann, med mango & fersken

Så måtte eg og Synne HK prøve oss igjen då. Denne gongen var det fruktvannet med mango og fersken som frista oss, eller om det frista oss er eigentleg ein annan sak, poenget var i alle fall at dette måtte me prøve. Det bestemte me oss eigentleg for når me drakk på det med eplesmak og oppdaga at det var ein til smak i samme "serie". Me kunne ikkje la den gå uprøvd forbi oss.
Denne gongen var me likevel litt meir skeptiske når me sku prøve den nye smaken. Me var ikkje nøgd med den andre så derfor var me veldig usikre på kva me kunne forvente. Litt skeptiske var me difor då me gjekk opp igjen til skulen. Christine hadde fått ein liten smak av mitt vatn, men ho fekk streng beskjed om å ikkje seie noke om det.
Så kom me omsider til stunden der me sku testa vatnet. Me telte til 3, slik me må gjera det. Så satte me flasko for munnen. Me fekk ein gledeleg overraskelse begge to. Dette vatnet var faktisk godt! I alle fall masse bedre enn det med eplesmak. I dette vatnet kunne ein faktisk på tak i smaken og kjenne litt på den, ja, til og med nyte den litt! Me blei gledeleg overraska begge to, så det er vel eigentlig ikkje så masse meir å seie. Eg kjem i alle fall ikkje på noke. Kanskje Synne har noke meir?
Også var det jo berre eit ekstra pluss med den søte flasko då.

Fagdag fransk

Jeudå, no sitt eg her og har fransk. Ikkje det mest spanande eg har vore med på, men, heilt ærlig gjer eg ingenting nett no. Me har hatt muntlig prøve, eller det vil sei, eg og Synne HK og ein gjeng andre har hatt mens det er noken som ikkje er ferdige endå. Derfor sitte eg her og gjer ingenting. Og gjett kem som måtte inn først då? Ja, nettopp, meg og Synne! Scary greie. Me hadde jo ikkje øvd noke særlig, men men. Me klarte oss vel sånn delvis. Deilig å vera ferdig i alle fall.
Endå lenge igjen av dagen. Må vel gjera masse "kjekt" før me får lov til å gå heim, huff.. Me skal sjå film på slutten av dagen trur eg, men eg har sett den filmen før, så det blir jo heftig. Men eg nytte fritide eg har no til å blogge litt :p

I går hadde musikklinjo vårkonsert. Det gjekk ganske bra. Trur ikkje det var alle som var heilt fornøyde, men eigentlig var det bra. Masse flotte nummer og flinke deltakare! :D Sjøl sku eg eigentlig ha sunge, men det blei ikkje noke av sido eg fortsatt ikkje er heilt bra i halsen. Eg var med på nokre fellesnummer som me hadde frå Serbia-turen vår då, men det blei mest miming frå mi side. Litt smil og sånn :p

Denne forkjølelsen har verkeleg slått til hardt. Både eg og Synnøve har hosta eindel dei siste dagane og ein kan ikkje akkurat seie at synginga vår er på topp heller. Tonje har også fått sin del av dette. Tette og hese. Eg trur det var eindel som gjekk å hosta litt i Serbia, så det er ikkje så veldig rart at me ikkje er heilt i form. Heldigvis er eg bedre i dag då, i alle fall mindre hosting enn det har vore dagane før. Satse på at det går rett veg!

Sånn bye the way drøymte eg i natt at eg og Synne måtte inn først og ha prøve, og det måtte me jo og, så kanskje eg er sanndrømt? Eller berre litt smånervøs fordi eg ikkje hadde fått øvd så masse. Eg har lite motivasjon for tide asso, klare ikkje å gjera noke vetig, eller dei tingene eg burde gjere. Nyte heller livet no, funke det! :D

Når eg først begynne å skriva her klare eg aldri slutta. Derfor blir det usystematisk og berre masse tull.
Have fun! ; D

torsdag 15. mai 2008

Imsdal - Fruktvann, med eplesmak

Då eg, Synne Aas og Synne HK var på Spar for å kjøpa salat gjekk med fordi ein "tank" der det låg nokre flaskar. Me blei særs nysgjerrige og fant ut at me måtte bort å sjå kva dette var for noko. Det viste seg å vere Imsdal Fruktvann med eplesmak. Eg og Synne HK bestemte oss raskt for at dette måtte me prøve. Me var veldig spente då me gjekk oppover til skulen, klare til å smake på dette nye, fantastiske greiene. Samtidig satte eg og Synne flaska for munnen, men det eg venta på kom aldri. Heilt ærleg blei eg litt skuffa. Smaken var vanskeleg å få tak på. Den låg der framme som noko ein delvis kjente, men som ein ikkje fekk heilt tak i. Dess meir enn strakk seg etter smaken dess meir forsvant den lenger og lenger vekk. Det var ein konkret smak som hadde kledd seg ut som noke abstrakt, for ein kjente smaken, men samtidig fekk ein ikkje heilt tak på den. Den var der, men den var ikkje der. Dess meir ein prøvde å kjenne smaken, dess meir forsvant den. Til slutt satt ein berre igjen med ein ikkje særleg god ettersmak som sklei ned igjennom halsen. Me fann ut at det var umogleg å drikke dette utan å konsentrere seg. Ein blei verkeleg opphengt i denne smaken som var der, men samtidig ikkje var der. Heilt ærleg blei eg skuffa, fordi eg hadde forventa noke meir. Det einaste som var positivt var flasko. Den var søt.

Friminutt

No fekk me tidlig fri i engelsken. Det er gydd. Derfor har me litt lengre friminutt, og det lika me jo! Så no har me berre ein time igjen på skulen, lytting. Seinare i dag er det vårkonsert med musikklinja. Eigentlig skulle eg ha sunge, men sido eg er forkjøla kan eg ikkje det. Litt dumt, men, men, sånn kan det gå. Det komme nok fleire sjansa.

Ellers er det ikkje mykje meir å seie. Alle som er i klasserommet sitt på kvar sin data og er skikkelig usosiale. For ein gjeng. Eg er litt svolten, eller, eg veit eigentlig ikkje heilt. Synne K et eit eple, det er gydd. Eg har ikkje ete eple på lenge no :O det er ikkje gydd. Maten i Serbia var full av fett, til og med ei kake eg fekk :S Hmm.. Det var godt å komme heim å ete litt norsk mat, med litt saus og sånt på.

Sondre er heilt frelst av denne blogginge, men eg forstår han jo, for det er jo ganske artige greie. Sjøl om eg ikkje er så kreativ av meg då. Berre skrive ned det eg føle for uten noke system eller noken ting.

Satse på me får høyre noke gydd klassiskmusikk i lyttinge i dag, kjenne eg glede meg litt :D Men eigentlig treng ikkje friminuttet slutta endå, er ikkje heilt motivert for time, men men..

15. mai, igjen

Eg er svolten, faktisk! Men no har me snart noken fritima så satse på at det går an å få seg litt mat då. Eg leve i håpet. Eg er sjukt trøytt no, eller meir slapp kanskje... Eg vil bli frisk!

15. mai

No sitt me her igjen då. Me bloggar. Ganske koseleg det då. Har eigentleg ikkje noke særleg spanade å skrive, men sånn kan det gå. Eg er trøytt, som vanlig, og hoste litt endå, men hoste faktisk litt mindre i dag då : ) Men føle meg litt slappare enn eg gjorde i går, men som vanlig; eg overleve.
Det var veldig koseleg å møta klassen igjen i går. Eg følte at eg hadde vore borte veldig lenge, men det var eigentleg ikkje så lenge. Likevel var det lenge nok til at eg rakk å savne folk ein god del. Men eg savna folka frå Serbia og då.
I går var ein ganske ok dag, viss ein ser bort frå all hostinga mi. Me hadde 4 tima avspasering, så det var gydd ; ) Etter skulen var eg igjen med Synne Aas og Ruben. Det var kos å vera med dei igjen! :D Me chilla som vanlig, eller eg chilla og Synne Aas chilla vel, men Ruben gjorde faktisk noke musikkleksa :O Hehe :p Så tok eg og Ruben toget heim, og når eg kom heim såg eg på One Tree Hill. Lika da! Så tok eg ein dusj, slo på dataen for å sjekke om det var noke liv og så såg eg på LOST. La meg ganske tidlig faktisk, trur eg hadde godt av det.

onsdag 14. mai 2008

Blææ.

Eg er lei av å hosta!

Skule igjen.

Så var me tilbake på skulen igjen etter nokre dagar i Serbia. Skal innrømma at eg savne folkene der nede. Dei var veldig koselege og hyggelege, men dei passa veldig godt på oss då. Kommentara me vil huska frå Serbia: "Eat!", "Go no, go, go, GO!", "Ciao!" "Wait, a car." Savne Serbia litt asso. Men det var deilig å komma heim igjen og då. Kjekt å sjå folkene igjen. Savna dei litt der nede. Sjølsagt klarte eg å bli sjuk den dagen me reiste frå Serbia, men eg overleve nok. Eg og Synnøve sitt her og hoste noke innmari, men men, sånn går det vel når ein har vore i Serbia.
No har me faktisk berre to tima igjen på skulen, to tima naturfag... Huff.. Eg er trøtt, som vanlig. Men eg overleve nok, så det skal gå bra.