søndag 22. juni 2008

Ferie!

Så var det sommerferie. Heilt ærlig er det ganske så sjukt! Dette året har berre flydd forbi, og våren har forsvunne på ein, to, tre! Visste nesten ikkje at tida kunne gå så fort.. Men det har eigentleg vore eit kanonkjekt år! Har blitt kjent med mange greie folk, lært utruleg mykje og fått vore med på utruleg mykje. Prosjektene me har hatt med klassen har vore kjempekjekke, og lærerike og då, men det er no ein an sak. Har skjedd så masse dette skuleåret som er verdt å minnes, a lot of things I won't forget! Kjenne at eg nesten blir litt sentimental her eg sitt å skriv, men kan jo skylda på at det er fordi eg er litt trøtt.

Så no er det som sagt ferie, og eg undrar litt på ka eg skal gjøra på, eller eg må jo passe brodern ein del, så eg slipp vel å undra så alt for masse. Nokre folk eg har planar om å tilbringa ein del tid med og, så det blir nok kos! Dessuten hadde det ikkje gjort noke om det blei litt badevær og vær som funke for å sola seg. Ellers komme eg nok til å gå å synga på utrolig mange ulike songa i ferien, eg satse på å lesa dei fleste av bøkene eg har planlagt, gjerne strikka nokre huer, og så er målet å vera utkvilt etter ferien. Så det blir jo spanande å sjå om eg får til! Heilt ærlig er eg eigentlig litt skeptisk, men kem veit. Kan jo faktisk aldri veta ka eg får til.

Desse første feriedagane har vore veldig kos. Har vært på Eidfjord-cup. Noke som var veldig kjekt etter gammalt. Var og såg på brodern som spelte kamp. Åsså var eg litt med Ruben og. Koselig!
I kveld har eg vore på åpningen av ekstremsportveko på Voss. Åsså var eg på konsert med Valkyrien Allstars. Det var kjempekjekt! Utrolig bra musikk og fantastiske musikkere! Og Tuva er berre ei kjempetøff dame, det må eg berre sei. Digge stilen hennes!

No ligg eg i senge og tar livet med ro. Skal bli godt å få sova litt ut i morgo, men kan vel ikkje rekna med å sova altfor lenge. Brodern komme vel å vekke meg...

onsdag 11. juni 2008

Onsdag

Så satt eg heima i ein stol. Ikkje noke særlig livlig må eg sei, men funke veldig bra for meg nett no. Er forbanna, jævlig trøtt! Men men, nok om det.

Har skikkelig feriefølelse no. Har for det meste vært sløving på skulen dei siste dagane. Men funke fint for meg det. I morgo skal eg berre ha to skuletima og, så. Kan ikkje klage. Så får me vete på fredag om me komme opp i muntlig. Krysse fingrane for at me ikkje komme opp! Blir litt småsur viss eg komme opp. Masse fri neste veka viss me ikkje komme opp. Gydd det! :D

fredag 6. juni 2008

Quotes

Music, once admitted to the soul, becomes a sort of spirit, and never dies.
~Edward George Bulwer-Lytton
I don't sing because I'm happy; I'm happy because I sing.
~William James

Helg!

Så var det helg igjen. Ganske deilig. Denne veko har vært litt slitsom, men litt kjekk og då. Vært fint vær, og har blitt eindel chilling og prating ;p Det har vært skikkelig varmt vær denne veko, og det lika me! Snart ferie og no! :O Dette året har gått utrulig fort. Eigentlig litt rart å tenka på at me snart har gått eitt år på videregåande... Me begynne å bli store! :O Hehe.

Hadde to prøva denne veko. Sku eigentlig hatt fransk og, men fekk den utsatt til mandag. Det er gydd, men kan ikkje lova at eg kjem til å øva så masse då :p Har bedre ting å ta meg til liksom. Men altså, me hadde prøve i lytting på onsdag, kan ikkje sei at eg er så fornøyd, men like å skylda på at eg berre har vært der to tima mens me har hatt om romantikken. Så.. Me hadde heildagsprøve i matte, er ikkje heilt sikker på korleis det gjekk heller. Men eg overlevde. Kjempedeilig å vera ferdig i alle fall! :D Åsså er det berre franskprøven på mandag, så er det vel ikkje noken fleira prøva før ferien. Håpe i alle fall ikkje at det er det. Kan jo komma opp i muntlig, men det er veldig liten sjanse sido eg var opp i skriftelig, så då er det jo eigentlig sommerferie nesten no då.

Humøret mitt denne veko har jo vært litt interessant kan me sei. VELDIG trøtt noken daga, åsså heilt i hundra seinare, men sånn kan det gå. Veldig morsomt på tirsdagen. Først dreiv eg og Synne A å prata stavangersk, til Ruben blei passelig sprø, så seinare på kvelden var eg og Synne K ganske i slag. Litt heftig musikk frå lyttebua og litt hopping og spretting rundt i gangane resulterte i at me blei veldig tørste og gjekk og drakk litt. Resten er historie som ein seie :p Men eg og Synne hadde det morsomt i alle fall.

Ellers har det vært noken heftige diskusjona denne veko og. Kan jo nevna den uendelige diskusjonen om me sku framføra "Slottskjellaren" siste skuledag, eller ikkje. Til slutt endte no det med at fleirtallet i klassen ikkje ville framføra det siste dagen, så då blir det ikkje. Men men, får chille an med volleyball og is då ; )

Ellers lever eg i beste velgåande. Sitte i sofaen og chille no og ser på friidrett, eller søstre mi ser på, så. Eg berre sitt her eg. Åsså drikk eg cola. Helg no! :D