søndag 22. juni 2008

Ferie!

Så var det sommerferie. Heilt ærlig er det ganske så sjukt! Dette året har berre flydd forbi, og våren har forsvunne på ein, to, tre! Visste nesten ikkje at tida kunne gå så fort.. Men det har eigentleg vore eit kanonkjekt år! Har blitt kjent med mange greie folk, lært utruleg mykje og fått vore med på utruleg mykje. Prosjektene me har hatt med klassen har vore kjempekjekke, og lærerike og då, men det er no ein an sak. Har skjedd så masse dette skuleåret som er verdt å minnes, a lot of things I won't forget! Kjenne at eg nesten blir litt sentimental her eg sitt å skriv, men kan jo skylda på at det er fordi eg er litt trøtt.

Så no er det som sagt ferie, og eg undrar litt på ka eg skal gjøra på, eller eg må jo passe brodern ein del, så eg slipp vel å undra så alt for masse. Nokre folk eg har planar om å tilbringa ein del tid med og, så det blir nok kos! Dessuten hadde det ikkje gjort noke om det blei litt badevær og vær som funke for å sola seg. Ellers komme eg nok til å gå å synga på utrolig mange ulike songa i ferien, eg satse på å lesa dei fleste av bøkene eg har planlagt, gjerne strikka nokre huer, og så er målet å vera utkvilt etter ferien. Så det blir jo spanande å sjå om eg får til! Heilt ærlig er eg eigentlig litt skeptisk, men kem veit. Kan jo faktisk aldri veta ka eg får til.

Desse første feriedagane har vore veldig kos. Har vært på Eidfjord-cup. Noke som var veldig kjekt etter gammalt. Var og såg på brodern som spelte kamp. Åsså var eg litt med Ruben og. Koselig!
I kveld har eg vore på åpningen av ekstremsportveko på Voss. Åsså var eg på konsert med Valkyrien Allstars. Det var kjempekjekt! Utrolig bra musikk og fantastiske musikkere! Og Tuva er berre ei kjempetøff dame, det må eg berre sei. Digge stilen hennes!

No ligg eg i senge og tar livet med ro. Skal bli godt å få sova litt ut i morgo, men kan vel ikkje rekna med å sova altfor lenge. Brodern komme vel å vekke meg...

Ingen kommentarer: